Kvardagshumor og høgtflygande poesi

Kvardagshumor og høgtflygande poesi

I vårprogrammet på Hauge-senteret er det rom for å dvele ved kvardagens trivielle og absurde sjarm, og for å fylgje fuglen i det blå, i den høgtflygande poesien.

Hovland og Tønes reddar kvelden

Forfattar Ragnar Hovland og musikar Frank «Tønes» Tønnesen er begge vestlendingar som skriv treffande om det kvardagslege. Når dei to møtest til prat og poesi, song og spel, så er det i gjensidig beundring. – Tønes er kvardagssurrealismens største poet her til lands, seier Hovland, sjølv om han sit på same trona sjølv. Tysdag 9. april møter vi dei to forfattarane under programtittelen «Hovland og Tønes reddar kvelden» på Syse gard. – Dette er eit møte vi gler oss til, seier dagleg leiar Geir S. Netland, dei syner oss at det er i det kvardagslege og trivielle at det fantastiske kan skje, og skjer, om vi berre ser det. Arrangementet er i samarbeid med Rom for ord.

Hauge-senteret feirar lyrikken

Den 21. mars feirar vi Verdas poesidag, og spør, kvifor skal vi lese poesi? Dei to poetane Ingrid Nielsen og Sindre Ekrheim formidlar poesi gjennom eiga skriving, undervisning, forsking og bokmeldingar. Dei to møtest til ein samtale om poesi, der dei òg les eigne, dikt. Elektronika-artisten Gisle Martens Meyer, for mange kjend som Ugress, kjem også for å feire lyrikken. I Poesiverkstaden på Hauge-senteret får publikum oppleve Meyers nyaste lydverk, boksymfonien; Atrophy in the Key of Dreaming Books. Her møter vi lyden av kunnskap – frå bøker, papir, ord og bokstavar. Til konserten i Ulvik har Meyer fletta inn lydopptak av Olav H. Hauge. ¬ – Det blir ei spesialskrive utgåve av verket vi får oppleve denne kvelden, midt mellom bøkene til Hauge, seier formidlar Guro Ljone.

Ny utstilling om fuglar i lyrikken

Fuglar har ofte ei sentral rolle i lyrikk, både i den høgtflygande og romantiske poesien, så vel som i meir jordnære dikt. – Vi menneske har alltid hatt ein fascinasjon for desse skapningane, og det kjem også til uttrykk i dikt. – I denne utstillinga ønskjer vi å bruke folk sin kjærleik til fuglane våre som ein inngang til poesien, seier Stein A. Hevrøy, dokumentasjonsansvarleg ved Hauge-senteret. Utstillinga opnar 25. april.

Forfattarmøte, karneval og Sidersleppkonsert

Vårprogrammet opnar med at forfattar Eva Røyrane vil fortelje om arbeidet med boka Klyngetunet den 20. februar. Fastelavnssundag 3. mars vert det familiedag med fastelavnsfest og karneval i museet. Det er fast tradisjon at Hauge-senteret inviterer til konsert under Sidersleppet siste helga i mai. I år vert det gledeleg gjensyn og gjenhøyr med det lokale Ulvik-bandet ReHarvest, som spelte sin første konsert under Sidersleppet i 2015. Då gjendikta dei Neil Young sitt album Harvest til nynorsk. No utvidar dei repertoaret med nye lydspor gjendikta til vår tid, og til eit språk og landskap som publikum kan kjenna att.

Heile programmet finn du her