Kongeparet besøkjer Hardanger
Foto: Lise Åserud, Scanpix

Kongeparet besøkjer Hardanger

H.M Kongen og H.M Dronninga kjem med Kongeskipet Norge til Hardanger 18. og 19. juni. På ettermiddagen den 19. juni kjem dei til Ulvik, og vil gå i land i Tyssevikja rett ved Olav H. Hauge-senteret. Det vil vera eit ope arrangement for alle i bygda under Kongeparet sitt besøk. Staden for dette arrangementet er Hjeltnes Produksjonsskule. For meir informasjon syner vi til Ulvik herad sine heimsider.

Hauge-senteret vil feire Kongeparet sitt besøk til Ulvik med fri inngang i utstillinga denne dagen. Vi held ope frå kl 10-16.

Velkomen!