Hauge-senteret feirar verdas poesidag

Hauge-senteret feirar verdas poesidag

Kvifor skal vi lese poesi? Hauge-senteret stiller spørsmålet og har invitert to poetar som skal freiste å svare oss på det. Verdas poesidag på Hauge-senteret byd også på ein musikalsk inngang til poesien, gjennom lydverket Atrophy in the Key of Dreaming books.

 

Samtale og diktopplesing

Ingrid Nielsen og Sindre Ekrheim skriv begge dikt, og dei formidlar poesi gjennom undervising, forsking og bokmeldingar. – Det blir spennande å høyre dei snakke om poesi, og om kva som kan stå på spel i slike tekstar. Når eg les bøkene deira opplever eg at skrifta held seg nært livet, og det menneskelege, seier dokumentasjonsansvarleg Stein Hevrøy. Hevrøy skal leie samtalen mellom dei to, der dei vil kome inn på kva lesing av poesi har tydd for dei. På verdas poesidag skal vi sjølvsagt også få høyre poesi. Ekrheim og Nielsen les eigne dikt, men også dikt frå andre poetar som har vore viktige for dei.

 

Boksymfoni mellom Hauges bøker

Elektronika-artist Gisle Martens Meyer, kjem også til Ulvik for å feire poesien. I sitt lydverk Atrophy in the Key of Dreaming books har han samla lyden av kunnskap – frå bøker, papir, ord og bokstavar. For høvet har han laga ei spesialskrive utgåve der lydopptak av Hauge som les er fletta inn i verket. – Dette kjem til å bli ei heilt unik oppleving, då verket vert framført i poesiverkstaden, mellom bøkene til Hauge, seier formidlar Guro Ljone.

Arrangementet er Hauge-senteret si feiring av verdas poesidag. Dagen vart stifta av UNESCO i 1999, og har som mål å skape merksemd rundt poesi over heile verda. I fjor var det lyrikkdebutant Stein Torleif Bjella som var heidersgjest i Ulvik.

Arrangementet finn stad på Hauge-senteret 21. mars kl. 19.00, og for høvet lagar vi til poesibar. Billettar finn her.