Frida Ånnevik møter Anna Kleiva
Foto: Ingvil Skeie Ljones / Anne Valeur

Frida Ånnevik møter Anna Kleiva

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? I denne programposten har tekstforfattar og musikar Frida Ånnevik fått invitere med seg ein diktar som ho har lyst til å møte, og valet fall på Anna Kleiva. Dei to møtest til ein samtale om å skrive og å leve med, songar og dikt. Dette er første arrangement i Hauge-senteret sin nye programserie Lytt til lyrikken.

– Med denne nye programserien ønskjer vi å invitere til nye, og kanskje litt uventa kunstnarmøte, mellom musikarar og diktarar, fortel Geir S. Netland, dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret.

Programserien har fått namnet Lytt til lyrikken, og her vil det bli høve til å spisse øyrene og verkeleg lytte til lyrikken både i tonar og ord. Dei to på scena vil dele både song og dikt med publikum.

Frida Ånnevik og Anna Kleiva har begge markert seg på sine felt. Frida Ånnevik har sidan debuten i 2009 utmerka seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfte fram det store i dei små tinga. Ho har hausta heile tre spelemannsprisar i kategoriane tekstforfattar og viser. For tida er Frida Ånnevik aktuell med albumet «Andre sanger» og denne gongen gjendiktar og tolkar ho andre sine songar, og det spenner frå Spice Girls til Alf Prøysen. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft, og i 2015 vart ho tildelt Bjørnson-stipendet. Anna Kleiva er også ein vaken gjendiktar, og har gjendikta fleire utanlandske diktarar til norsk, sist den danske stjernepoeten Asta Olivia Nordenhof.

– På eit vis går vi litt attende til opphavet, ordet lyrikk kjem jo frå det greske ordet for strengeinstrumentet «lyra», og i antikken var lyrikk song til strengespel. I dag er det kanskje slik at songlyrikken og lyrikken er meir separate storleikar. Det blir spennande å sjå kva som oppstår i dette møtet, seier Guro Ljone, formidlar ved Olav H. Hauge-senteret.

Om kvifor Frida Ånnevik valde seg ut Anna Kleiva seier ho: – Eg valde meg Anna fordi vi skriv nokså ulikt, men så finst det nokre likskapar i kva som inspirerer oss. Då tenker eg særleg på at tekstane til Anna er kopla til stader. Det er mykje rørsle og moro, samtidig som det er stilleståande observasjon. Og så diggar eg språket hennar, det gjer at det kitlar i hjernen.

Dei to møtest 22. oktober i Ulvik kl. 19.00 på Syse gard, og etter det skal dei vidare til Bergen 22. oktober og til Stavanger 23. oktober. Programmet inngår i Bokåret 2019.