Diktartavla til Tone Hødnebø
Foto: Rolf M. Aagaard

Diktartavla til Tone Hødnebø

Tone Hødnebø har sida ho debuterte med diktsamlinga Larm i 1989 utvikla ein fortetta, bileterik og musikalsk poesi. Ho har gitt ut seks eigne diktsamlingar og gjendikta Emily Dickinson og den kanadiske poeten Anne Carson. – Hødnebø skriv kjenslevare og formsterke dikt som utforskar tankekrafta i poesien, ho vil difor finne sin velfortente plass på Diktarstien saman med andre markante norske lyrikarar, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Olav H. Hauge-senteret.

Hødnebø skriv seg inn i det som allereie finst, for så å dreie mot nye måtar å forstå verda på – heile tida i eit spel mellom det allereie kjende, og leiken, skapande fantasi. Ho skriv òg dikt som viser til politikk og historie med referansar til klassisk dikting, myter, song og eventyr. Med språkleg presisjon kombinerer ho magi og vitskap og utforskar historiske samanhengar og menneskelege erfaringar. Tone Hødnebø har motteke ei rekke prisar for forfattarskapen sin. I 2003 fekk ho Sultprisen og i 2005 Doblougprisen. Hødnebø var festspeldiktar under festspela i Bergen i 2007. I 2018 fekk ho både Gyldendalprisen og Triztan Vidtorns poesipris.

Diktarstien på Hardanger folkemuseum

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein norsk lyrikar blir heidra med ei diktartavle inngravert eit utvald sitat av vinnaren. Diktardagen vart etablert på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993, og prisen Diktartavla er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret. – Diktarstien formar no ein lyrisk hellegang med 27 dikttavler som prydar det vakre museumstunet her på Utne, seier styrar Arja Wiik-Hansen.

Når Hødnebø mottek prisen laurdag 8. juni, går ho inn i rekkja av markante poetar som Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.

Priskriterium ligg ved. Sjå også vedlagt oversyn over tidlegare prisvinnarar av Diktartavla.

 

For meir informasjon:

Dagleg leiar Olav H. Hauge-senteret, Geir S. Netland, tlf 900 38 286

Styrar Hardanger folkemuseum, Arja Wiik-Hansen, tlf 926 09 626

 

Diktartavla

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerka seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk.

Kriterium

Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar. Prisen vert gjeven for heile forfattarskapen. Det skal ha gått minst ti år sidan forfattaren bokdebuterte, men debuten treng ikkje å ha vore ei diktsamling. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.