Nynorsk KultursentrumAktuelt - Nynorsk Kultursentrum

  • Kontrast
  • AA
  • Kontakt oss
Søk
  • EnglishEnglish
  • Hopp til innhold
  • Hopp til meny
  • Hopp til Søk
  • Større tekstHald nede CTRL-tasten. Trykk på + for å forstørre og - for å forminske.
  • Aktuelt
  • Olav H. Hauge
  • Hauge-senteret
  • Lyrikk
  • Om oss
Frida Ånnevik møter Anna Kleiva

Frida Ånnevik møter Anna Kleiva

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? I denne programposten har tekstforfattar og musikar Frida Ånnevik fått invitere med seg ein diktar som ho har lyst til å møte, og valet fall på Anna Kleiva. Dei to møtest til ein samtale om å skrive og å leve med, songar og dikt. Dette er første arrangement i Hauge-senteret sin nye programserie Lytt til lyrikken.

12. desember

12. desember

eg er ein båt
som seglar

Programslepp på Hauge-senteret

Programslepp på Hauge-senteret

Frida Ånnevik og Anna Kleiva startar ein heilt ny programserie på Hauge-senteret: Lytt til lyrikken. Publikum kan vente seg nye bøker, uventa kunstnarmøte, og nytolkingar av kjende verk på haustprogrammet til Hauge-senteret.

Skuffande læreplan for språkmangfaldet

Skuffande læreplan for språkmangfaldet

Kunnskapsdepartementet la i dag fram nye læreplanar i norsk. Det blir stilt lågare krav til sidemål enn hovudmål. – Nynorsk kultursentrum er skuffa over regjeringa, seier styreleiar Lodve Solholm.

Sommarprogram i Hauge-senteret

Sommarprogram i Hauge-senteret

Hauge-senteret har ope tysdag til sundag gjennom heile sommaren, og kan by på nye opplevingar for både store og små.

Dikting og journalistikk til heile landet

Dikting og journalistikk til heile landet

H, FrP, V og KrF er samde om 1,4 millionar ekstra i driftstilskot til Nynorsk kultursentrum for å etablere Vinje-senteret for dikting og journalistikk.

Opning av Leseskogen på Tunheim

Opning av Leseskogen på Tunheim

Torsdag denne veka opna Leseskogen på Tunheim i Ulvik. Her kan små og store turgåarar ta både pustepause og lesepause i det fri.

Erlend Nødtvedt deler sitt Hauge-dikt

Erlend Nødtvedt deler sitt Hauge-dikt

Erlend Nødtvedt er for tida aktuell med diktsamlinga "Slekter" og kjem til Syse gard for å lese 14. november. Her kan du lese kva for dikt av Hauge han har valt seg ut.

Allkunne nominert til Språkprisen

Allkunne nominert til Språkprisen

Det digitale oppslagsverket Allkunne er nominert til Språkprisen 2019 og står på juryen si kortliste saman med tre andre gode kandidatar. Prisen blir delt ut i Bergen 20. november.

Nynorsk kultursentrum til verdas største bokmesse

Nynorsk kultursentrum til verdas største bokmesse

Noreg er i haust heidersgjest under den tradisjonsrike bokmessa i den tyske byen Frankfurt. Den folkekjære poeten Olav H. Hauge og tittelen på det mest kjende diktet hans Det er den draumen, frontar kampanjen som skal marknadsføre Noreg og norsk litteratur internasjonalt. Frå 15. til 20. oktober deltek Nynorsk kultursentrum i det offisielle programmet, der både statsminister, kronprinsparet og kulturministeren er vertar.

Kongeparet besøkjer Hardanger

Kongeparet besøkjer Hardanger

H.M Kongen og H.M Dronninga kjem med Kongeskipet «Norge» til Hardanger 18. og 19. juni.

Framgang for nynorsk

Framgang for nynorsk

– Nynorsk kultursentrum er svært glade for at regjeringa samla styrkar den språklege infrastrukturen i Noreg med over 9 millionar. Samstundes er det synd Regjeringa ikkje har løyva dei nødvendige driftsmidlane til Vinje-senteret for 2020. Det vil gjere det vanskelegare å gjennomføre løftet for journalistikk og dikting som trengst, og som Vinje-senteret kan bidra til, seier styreleiar Lodve Solholm.

Månadens bok: Hauk

Månadens bok: Hauk

Hauk er ei kjenslevar bok om sakn og lengsel. Om å vere fire år og ikkje skjøne kvifor verda er slik ho er.

Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?

Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?

Lyrikkseminaret "Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?" blir arrangert på Hauge-senteret 14.-15. november 2019. Seminaret vil konsentrere seg om korleis tenkemåtar og filosofiar trer fram i lyriske former og tek del i ulike diktunivers. Med spørsmålet «kva kan vi lære av diktet» vil vi forsøke å få tenkinga i diktet til å vise seg.

Poetisk barnebokveke

Poetisk barnebokveke

I poetisk barnebokveke, andre veka i november, turnerer Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones med framsyninga "Tenk om eg var ein tanke" i Ål, Ulvik, Voss og Bergen.

Fylkespartia seier ikkje kva dei meiner om språk

Fylkespartia seier ikkje kva dei meiner om språk

Nynorsk kultursentrum har kartlagd kva partia meiner om språk i fylkestingsvalet.

Diktartavla til Tone Hødnebø

Diktartavla til Tone Hødnebø

Når Tone Hødnebø får si diktartavle på Hardanger folkemuseum den 8. juni, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993 har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på den vakre Diktarstien ved Hardangerfjorden.

Månadens bok: Dagen utanfor

Månadens bok: Dagen utanfor

«Dagen utanfor» ei vakker og alvorleg biletbok for barn. Den handlar om noko som ser ut til å bli ein heilt vanleg dag, men som blir alt anna enn nett det.

Hauge-senteret feirar verdas poesidag

Hauge-senteret feirar verdas poesidag

Kvifor skal vi lese poesi? Hauge-senteret stiller spørsmålet og har invitert to poetar som skal freiste å svare oss på det. Verdas poesidag på Hauge-senteret byd også på ein musikalsk inngang til poesien, gjennom lydverket Atrophy in the Key of Dreaming books.

Tone Hødnebø heidra med Diktartavla 2019

Tone Hødnebø heidra med Diktartavla 2019

Då Tone Hødnebø tok imot lyrikkprisen Diktartavla på Utne 8. juni 2019, fekk publikum oppleve både hardingfelespel og høgtlesing frå prisvinnaren. Vi fekk også høyre ein framifrå presentasjon av Høndebøs forfattarskap, gitt av Sindre Ekrheim. Her publiserer vi Ekrheims innleiing "Visjon og revisjon i Tone Hødnebøs lyrikk".

To frisørkjeder er Årets nynorskbrukarar

To frisørkjeder er Årets nynorskbrukarar

Frisørkjedene Floke og Balanzera fekk prisen Årets nynorskbrukar 2019 under Dei nynorske festspela 13. juni. Dei får prisen for «å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet», sa styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

Tone Hødnebø deler sitt Hauge-dikt

Tone Hødnebø deler sitt Hauge-dikt

Laurdag 8. juni vart diktartavla delt ut til Tone Hødnebø på Hardanger folkemuseum. Her deler ho eit dikt av Hauge, som for henne er blant dei sterkaste og vakraste av dikta hans.

Onen 1 / 2019

Onen 1 / 2019

Her kan du lese om alt som skjer på Hauge-senteret denne våren.

Månadens bok: Sveve over vatna

Månadens bok: Sveve over vatna

Sveve over vatna er Ragnar Hovlands kultroman som handlar om ein bygdegut som flyttar til Bergen for å studere. For sildoljefabrikken der han har jobba blir lagt ned. Kattane sluttar å følgje etter han, og han må finne ein annan veg i livet.

Kvardagshumor og høgtflygande poesi

Kvardagshumor og høgtflygande poesi

I vårprogrammet på Hauge-senteret er det rom for å dvele ved kvardagens trivielle og absurde sjarm, og for å fylgje fuglen i det blå, i den høgtflygande poesien.

Fuglar i lyrikken

Fuglar i lyrikken

Utstillinga om fuglar i lyrikk gir nokre smakebitar på den rikhaldige diktinga som – av ulike grunnar – kler seg i fjørdrakt, syng og flyg.

Slik vil Nynorsk kultursentrum sikre norsk som samfunnsberande språk

Slik vil Nynorsk kultursentrum sikre norsk som samfunnsberande språk

– Nynorsk kultursentrum meiner norsk, med skriftspråka bokmål og nynorsk, skal vere samfunnsberande, skriv styret i Nynorsk kultursentrum i sitt innspel til språkmeldinga.

Lyden av skrifta

Lyden av skrifta

Tale på Uppheimsplassen i Volda, 17. mai 2019, Per Magnus F. Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum.

Månadens bok: Pølsetjuven

Månadens bok: Pølsetjuven

Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Kjell vil vere noko heilt anna!

To frisørar er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

To frisørar er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

Dei to frisørkjedene Floke og Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019.

Månadens bok: Med øksene dei haustar inn

Månadens bok: Med øksene dei haustar inn

Sigmund Løvåsen viser med denne diktsamlinga at han er ein poet som evner å skrive seg inn i ein eksistensiell og naturnær lyrikktradisjon.

Meir nynorsk i heile landet

Meir nynorsk i heile landet

I Bokåret lagar Nynorsk kultursentrum seks nye utstillingar, skipar til tre barnebokveker og andre arrangement i heile landet.

Folkemusikktrio med julekonsert

Folkemusikktrio med julekonsert

Laurdag 1. desember inviterer Olav H. Hauge-senteret på ny til julekonsert. I år er det Sondre Bratland (vokal), Benedicte Maurseth (fele) og Sigbjørn Apeland (trøorgel) som tek med seg kjende og mindre kjende julesongar til Ulvik kyrkje.

Månadens bok: Inn i naturen – 101 norske dikt

Månadens bok: Inn i naturen – 101 norske dikt

Antologien Inn i naturen er eit gledeleg gjensyn med norsk naturlyrikk. Men det er også ein moglegheit til å oppdage både etablerte og yngre samtidspoetar.

Saknar språkpolitikk for kvardagane

Saknar språkpolitikk for kvardagane

Regjeringsplattforma er meir konkret om urfolks- og minoritetsspråk enn om nynorsk og bokmål.

Digital poesiverkstad

Digital poesiverkstad

Bli med inn i poesiverkstaden! Her har vi samla spennande, rare og morosame skrivetips frå ulike forfattarar som kan hjelpe deg å kome i gang med skrivinga. Oppgåvene kan brukast i skulesamanheng eller for dei som likar å skrive på fritida.

Utlysing Vinje-fondet 2019

Utlysing Vinje-fondet 2019

Vinje-fondet skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.

Ulvikasamtalen 2018

Ulvikasamtalen 2018

– Den dagboka Olav H. Hauge skreiv i 60 år, er ingen sjølvbiografi, men ein litterær tekst som ikkje minst handlar om det å lese. Det sa Øystein Hide i Ulvikasamtalen 2018 med Eirik Vassenden under Ulvik poesifestival laurdag. Ein fullsett sal på Elvatun fekk ein svært innhaldsrik og underhaldande samtale om den nynorske dagboktradisjonen mellom doktorgradsstipendiat Øystein Hide og litteraturprofessor Eirik Vassenden.

Jubileumsåret som fornya tradisjonane

Jubileumsåret som fornya tradisjonane

I 2018 feira Nynorsk kultursentrum 25 år, arrangerte Ulvik poesifestival for tiande gong, og markerte 150-årsjubileet til Samlaget og 200-årsjubileet for A. O. Vinje.

Over 700 000 kr til nynorsk i Bokåret 2019

Over 700 000 kr til nynorsk i Bokåret 2019

Nynorsk kultursentrum gler seg til Bokåret 2019. Vi skal feire vers og forteljingar i Ørsta, Ulvik, Vinje og resten av landet.

Tidleg julegåve til Nynorsk kultursentrum

Tidleg julegåve til Nynorsk kultursentrum

Kvelden 20. desember fekk Nynorsk kultursentrum melding om at Kulturdepartementet løyver 233 000 kroner til formidling av og forsking på nynorsk skriftkultur. Pengane kjem frå gåveforsterkingsordninga, som gir 25 prosent av gåvebeløpa institusjonen har fått av private aktørar.

Nynorsk kultursentrum utvidar staben i 2019

Nynorsk kultursentrum utvidar staben i 2019

I 2019 opprettar Nynorsk kultursentrum tre nye stillingar: ei i Vinje og to i Ørsta. – Gjestene våre får fleire arrangement, betre digitale tenester og vertskommunane våre får nye kulturarbeidsplassar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Månadens bok: Himmelspringaren

Månadens bok: Himmelspringaren

På ein gard, langt langt inne i ein fjord, i Gullullafjøset, vert det ein dag fødd eit lite lam. Eit lilla lam!

Monika Solheim og Adele Lærum Duus deler sitt Hauge-dikt

Monika Solheim og Adele Lærum Duus deler sitt Hauge-dikt

Skodespelarane i Himmelspringaren har valt seg ut det same Hauge-diktet. Kva dikt som har gripe dei begge i ungdommen kan du lesa her.

Månadens bok: Søster

Månadens bok: Søster

Har du tenkt på kva det er med søstrer? Er det slik at det eit spesielt band mellom dei? Dette har diktar Gro Dahle lurt på, og i boka Søster utforskar ho denne relasjonen. Sjølv kallar ho diktsamlinga ein blanding mellom forsking og leik, undersøking og rapport.

Menneske og språk på vandring

Menneske og språk på vandring

Vår nye temautstilling "Menneske og språk på vandring" går inn i samtida og den store flyktningkrisa verda opplever i dag. I kjølvatnet av denne massive folkevandringa kjem også spørsmåla om identitet og kultur.

Raus 25-årsgåve frå Sparebank1 Søre Sunnmøre

Raus 25-årsgåve frå Sparebank1 Søre Sunnmøre

– Jubileumsgåva på 100 000 kr gjer det mogleg å etablere to nye formidlingstilbod til barn på nynorsk, eit nytt framtidsspel og Lurivar-ordbok i 2019. Gåva frå Sparebank1 Søre Sunnmøre er med på å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Gratulerer, Vinje kommune!

Gratulerer, Vinje kommune!

Kulturdepartementet kårar Vinje til Årets nynorskkommune 2018. – Om vi ikkje tek vare på språkarven vår, blir vi som ein bekk utan kjelde, sa
ordførar Jon Rikard Kleven i takketalen.

– Ikkje grunnlag for Diktarhuset i Lom

– Ikkje grunnlag for Diktarhuset i Lom

– Det er både faglege og kulturpolitiske grunnar til at administrasjonen i Nynorsk kultursentrum ikkje ønskjer å gå vidare med å etablere Diktarhuset i Lom. Det seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i ein kommentar til utgreiinga «Diktarar og dialektar» som Nynorsk kultursentrum offentleggjorde måndag.

MuseumsLosen

MuseumsLosen

Olav H. Hauge-senteret er med i samarbeidsprosjektet MuseumsLosen, ein vegvisar til undervising utanfor klasserommet. Ta elevane med på unike undervisingsopplegg i autentiske omgjevnader. Undervisinga er tilrettelagt og leia av fagpersonar ved musea. Gå til Museumslosen og vel blant 75 fagaktuelle museumsbesøk.

  • Bokåret 2019

  • Nettbutikk

  • Olav H. Hauge

  • Museumslosen

  • Allkunne

  • >Aktuelt
    • >Olav H. Hauge
      • >Hauge-senteret
        • Grupper
        • Barn og unge
        • Temautstilling
        • Museumsbutikken
        • Den grøne kafè
        • Meldingsbladet Onen
        • Bloggen
      • >Lyrikk
        • >Om oss
          • Råd
          • Styre
          • Vedtekter
          • Årsmeldingar
          • Vedtaksprotokollar
          • Høyringsfråsegner
          • Vinje-fondet
        Søk
        • Nynorsk kultursentrum
        • Ivar Aasen-tunet
        • Vinje-senteret
        • Ulvik poesifestival
        • Dei nynorske festspela
        • Kopi av Litteraturdagane i Vinje

        Olav H. Hauge-senteret

        Promenaden 7

        5730 Ulvik 

        post@haugesenteret.no

        Org.nr. 976 013 263
        (Nynorsk kultursentrum) 

        Informasjonskapslar og personvern

        Ansvarleg redaktørPer Magnus Finnanger Sandsmark

        Nettredaktør

        Idium Portalidium Webpublisering