Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum arbeider kvar dag for å gjere nynorsk kunnskap og kunst synleg i heile landet.

Nynorsk kultursentrum driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje. Alle desse stadene tilbyr spennande språk- og litteraturopplevingar på utstillingar, festival og arrangement. I 2019 besøkte Nynorsk kultursentrum over 75 kommunar med utstillingar eller arrangement. Stiftinga driv også barnenettstaden tunkatten.no og det nynorske leksikonet allkunne.no.

I samarbeid med andre dokumenterer og forskar Nynorsk kultursentrum på nynorsk språk og litteratur. Det dannar grunnlaget for råd til styresmaktene om språk-, litteratur- og kulturpolitikk.