Mitt Hauge-dikt

Din veg

Reidun Horvei

Ein vakker mai-dag på 70-talet dura kjærasten min og eg mot Ulvik på to hjul i svingen for å vitja Olav. H. Hauge. Me skulle same haust vera deltakande i eit radioprogram med diktaren, der me båe skulle syngja, og eg tenkte det kunne vera kjekt å treffa han på førehand. Kjærasten min tykte dette var noko påtrengande, men let seg overtala. Me steig av Vespa-en på Hakestad og møtte Bodil i tunet. Eg spurde om det var her diktaren budde. Ja, sa ho og såg på kjærasten mi medan ho la til: og han er ikkje fårleg…

Det viste seg at Bodil var mor til leikekameratane hans på Sørlandet og dei fekk etter kvart mykje å snakka om. Eg banka på døra og Olav kom ut, eg steig over dørstokken og vart vist rundt i biblioteket. Og etter kvart og la eg fram ærendet vårt og byrja å syngja «Din veg» til han. No fekk han fart på seg, spytta snusen i vasken og ropte: Bodil, Bodil, du må koma, du må koma, ho kan syngja, ho han syngja! Diktet har sidan vore kjært for meg… og tenk at han den store diktaren tykte eg kunne syngja!

Din veg frå «Under Bergfallet» (1951). 

Les Lu Chi og lag eit dikt

Knut Hamre

Det Hauge-diktet eg har lese aller mest er nok Les Lu Chi og lag eit dikt. I all sin visdom inneheld dette diktet mykje av det ein treng vita for å læra musikk og for å spela musikken. Slik har eg lese dette diktet for mine hardingfele elevar gjennom mange år. I Karl Ove Knausgård si bok med tittelen, Så mye lengsel på så liten flate, seier Knausgård at dette diktet griper essensen i Edvard Munch sitt virke. Slik er dette diktet noko å ta med seg same kva kunstform ein måtte arbeida med.

Les Lu Chi og lag eit dikt

Les Lu Chi og lag eit dikt.
Han segjer ikkje korleis det skal vera.
Mange hadde måla ei eik fyrr.
Likevel måla Munch ei eik.

Frå «Spør vinden» (1971)

Sleggja

Vegard Markhus

Mitt Hauge-dikt er Sleggja. Det er eit fint dikt med få ord og mykje innhald. Då eg gjekk på lærarhøgskulen skulle me analysere diktet. Me tenkte mykje på kven og kva diktet eigentleg handla om. Det var nesten ikkje grenser for kva tolkingar me lærarstudentane klarte å hamre ut av dette diktet. Eg skjøna fort at eg lika best diktet om eg berra las det som det stod. Eit dikt om ei sleggje. Eg har ei sleggje sjølv. Ho står i garasjen minst 364,5 dagar i året, men når eg først treng ho, då nyttar det ikkje med ein hammar.

Sleggja

Eg er berre
ei sleggje.
Eg stend der no.
Eg lyt berre til
når det røyner på

Fra «Dropar i austavind», 1966.

Song, trø lett på hjarta mitt

Ranveig Lægreid

Original

Song, trø lett på hjarta mitt.

Song, trø lett på hjarta mitt, er eit lite dikt som eg møtte fyrste gong i ei tonesetting av komponisten Per Indrehus. Eg var så heldig og fekk urframføra denne songen på ein konsert då eg gjekk på Voss gymnas. Diktet gjer meg mange fine bilete på kva som er viktig for å få ein god melodi, men også reint framføringsmessig. Det kan også overførast til kva eg syns er viktig i samspelet med andre menneske og i ein samtale. Ein lyt ha respekt for dei og det ein møter, elles kan ein bryta tilliten og magien. Diktet skildrar noko som er sart og lett kan øydeleggjast. Det skal ikkje mykje til for å trå feil. Denne sensitiviteten kjenner eg meg godt att i både som songar og menneske.

Mitt forslag

Song, trø lett på hjarta mitt.

Song, trø lett på hjarta mitt, er eit lite dikt som eg møtte fyrste gong i ei tonesetting av komponisten Per Indrehus. Eg var så heldig at eg fekk urframføra denne songen på ein konsert då eg gjekk på Voss gymnas. Diktet gir meg mange fine bilete på kva som er viktig for å få til ein god melodi, men også reint framføringsmessig. Meininga i diktet kan også overførast til kva eg syns er viktig i samspelet med andre menneske, og i ein samtale. Ein lyt ha respekt for dei, og det, ein møter, elles kan ein bryta tilliten og magien. Diktet skildrar noko som er sart og som lett kan øydeleggjast. Det skal ikkje mykje til for å trå feil. Denne sensitiviteten kjenner eg meg godt att i både som songar og menneske.

Song, trø lett på hjarta mitt

Song, trø lett på hjarta mitt,
trø lett som klokkelyng på søkkjemyr,
som fugl på nattgamal is.
Bryt du skorpa til kvida,
druknar du, song.

Frå «På Ørnetuva» (1961)

Lauvhyttor og snøhus

Ingrid Nielsen

Eg velgjer meg ”Lauvhyttor og snøhus”. Diktet minnar meg om korleis ein kan gå inn i dikt, når ein treng det og kjenner seg heimlaus og framand, slik at orda kan omslutta ein og gje ei form for tryggleik. Så kan ein kan hende kikke ut gjennom orda og sanse verda – på ny?

Men eg synes alltid at sluttbiletet i diktet er litt urovekkjande. For det å krype inn i eit snøhus og stengje etter seg, det er vel og å skilje seg frå verda, og være i eit hus der veggar og golv eigentleg er kalde? Kan eit dikt og vere eit slikt hus? 

Butikk & Kafé

I museumsbutikken finn du alt frå bøker til vesker, t-skjorter, keramikk, postkort, sitjeunderlag og leiker og spel til born. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Ivar Aasen-tunet sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.

Kafeen er open for alle og tilbyr ein variert meny av både kaker, kalde og varme rattar. Kom innom etter et besøk i museet si utstilling, i samband med eit av våre arrangement eller bruk oss som ein møtestad med vennar og kollegaer. Menyen finn du i peikaren under.

Butikken og kafeen følgjer museet sine opningstider, i tillegg held dei ope i samband med alle arrangement.  

Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken og kafeen.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk