Lyrikkseminar på Haugesenteret i Ulvik 21. – 22. oktober 2021: Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege i dikt

Foto: Vladimir Kononeko, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Kva seier diktinga om relasjonen mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege? Kva tilgang har menneska til det som ikkje er menneskeleg, og kva rolle speler det ikkje-menneskelege og tenkinga rundt det i liv, kunst og politikk?

Nettverk for poetisk tenking har invitert forskarar til å innleie om tema 21. – 22. oktober 2021. Kvart innlegg er på inntil 30 min. Det er satt av 15 minutt til diskusjon etter kvart innlegg.

Seminaret er gratis og ope for alle. På grunn av smittevern er det frist for påmelding innan 14. oktober. Meld deg på til: stein.arnold.hevroy@nynorsk.no

Publikum som treng overnatting i Ulvik kan kontakte Brakanes hotell, Strand fjordhotell eller Hardanger gjestehus

Lunsj frå Kàdn og Alde kan førehandstingast på stein.arnold.hevroy@nynorsk.no


Program
  

Torsdag 21. oktober

11.00–13.15 Første sesjon. Ordstyrar: Ole Karlsen.     

Kort velkomst.    

Silje Solheim Karlsen, UiT Norges arktiske universitet: Joiken, det menneskelige og naturen    

Stein Arnold Hevrøy, Nynorsk kultursentrum: Diktet si utstrekte hand mot det ikkje-menneskelege    

Elin Stengrundet (via Zoom), høgskulen på Vestlandet: Dyrene i Prøysens diktning for barn     

13:15–14:15 Lunsj    

14:15–15:45 Andre sesjon. Ordstyrar: Ingrid Nielsen.     

Eirik Vassenden, universitetet i Bergen: Walt Whitman, Knut Hamsun og det ville i poesien     

Ole Karlsen, høgskolen i Innlandet: Tingdiktingsomgrepet med tekstdøme frå norsk 1900-tals lyrikk  

Fredag 22. Oktober    

09:30–11:00 Første sesjon. Ordstyrar: Silje S. Karlsen.     

Margit Ims, universitetet i Sørøst-Norge: Å vere eller ikkje vere albatross: Poetisk orientering med raudlista artar i Inger Elisabeth Hansens «Å resirkulere lengselen, avrenning foregår» som los    

Ingrid Nielsen, universitetet i Stavanger: Om det omvendte hos Jo Eggen    

11:00–12:00 Lunsj    

12:00–13:30 Andre sesjon. Ordstyrar: Eirik Vassenden.     

Fredrik Parelius, universitetet i Bergen:  «Levninger af første chaos»: Skrekkøgler i Wergelands «Cæsaris» (1833), Uppdals Sauros-skratt (1918) og Jacobsens «Mørk saga» (1953)    

Janike Kampevold Larsen, arkitektur- og designhøgskolen i Oslo: Steinens tid i en arktisk geografi. Om Bjørnøya.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk