Litterær samtale med Olaug Nilssen

Olaug Nilssen kjem til Ulvik for å fortelja om boka, Yt etter evne, få etter behov, i samtale med litteraturkritikar og forfattar Sandra Lillebø.

Forfattar Olaug Nilssen si nyaste bok Yt etter evne, få etter behov fekk strålande kritikk då ho kom ut hausten 2020. Fredag 14. mai kjem Nilssen til Ulvik for å fortelja om boka i samtale med litteraturkritikar og forfattar Sandra Lillebø.

I Yt etter evne, få etter behov får me eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vera vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Systera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vera mor for lenger. Mor til systrene, Gudrun, er opptatt med å vera der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Med Yt etter evne, få etter behov har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i Tung tids tale frå 2017: Kven tek ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemene i ein familie?

Arrangementet finn stad på Lekve Gard fredag 14. mai kl. 20.00. Det blir mogeleg å kjøpe enkel mat og drikke. På grunn av gjeldande smittevernreglar er arrangementet berre ope for publikum som bur i Ulvik. Me oppmodar publikum om å kjøpe billett på førehand.
Billettar finn du her. Billettprisen er kr 150.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk