Knut Buen

Knut Buen

Til å runde av Litteraturdagane 2019 kjem ein av dei fremste hardingfelespelmennene dette landet har å by på: Knut Buen.

Knut Buen er spelemannen, rosemålaren og kulturarbeidaren som for mange nordmenn står som symbolet på den norske folkemusikken og tradisjonskunsten.

Buen vart fødd 31.oktober 1948, og vaks opp i Tuddal. Han tok til å spele fele i niårsalderen, og vann sin fyrste landskappleik som 16-åring. Gjennom ein mannsalder har Buen opparbeida seg eit svært omfattande repertoar. Han har utvikla ein eigen, karakteristisk spelestil, men er samstundes svært tru mot tradisjonen og nøye med å presentere slåttar nærast mogleg si opphavlege form.

I Tuddal har Buen base for verksemda si. Her ligg hans eige konsertanlegg, Tuddal Amfi, og galleriet Tonehall. I ei årrekkje har han også drive eige bok- og musikkforlag, Buen Kulturverkstad.

Knut Buen har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. Han har mellom anna gått til topps på Landskappleiken, og vunne to spelemannsprisar. I 1999 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Sidan 1989 har han vore statsstipendiat.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her