Tarjei Vesaas' debutantpris
Foto: Paul S. Andersen

Tarjei Vesaas' debutantpris

Den årvisse samtala mellom Olav Vesaas og Tarjei Vesaas debutantprisvinnar blir av mange rekna som eit festivalhøgdepunkt.

Lars Svisdal (33) frå Sunndal er av kritikarar omtala som eit stort forteljartalent med eit særprega språk og ein lovande forfattarskap framføre seg. I mars fekk han tildela Tarjei Vesaas debutantpris for 2018 for Seg til inkjes – ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

«Det kan godt hende forfatteren gir ut sin første bok med skjelvande hug, men romanen bærer ikke mye preg av skjelving. Den framstår tvert imot som språklig og formmessig svært sikker, samtidig som den er både utprøvende og overskuddspreget», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her