Naturen hos Vesaas
Foto: Signe Marie Kittelsaa

Naturen hos Vesaas

Årets foredragshaldar er Steinar Gimnes, forskar i nordisk litteratur ved NTNU i Trondheim.

Gimnes er ein profilert litteraturformidlar som har gitt ut ei rekkje bøker om norsk litteratur. Særleg har han fordjupa seg i forfattarskapane til Knut Hamsun, Cora Sandel og Tarjei Vesaas. 

Med Fuglane og utvalde dikt som teksteksempel, vil Gimnes ta oss med på djupdykk i naturen i diktinga til Vesaas, i lys av nyare naturfilosofisk tenking.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her