Men ikkje Maria

Men ikkje Maria

Den tredje romanen til vinbyggjen Erlend Kaasa har fått tittelen Men ikkje Maria, og tar for seg begjær, svik, kjærleik og død – og kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv. Laurdag les han frå den nye boka si i Årestoga.

Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle. Men ikkje Maria er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang.

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark. Han debuterte med Thunder Road i 2009, i 2015 kom Livius. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i

Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar. Men ikkje Maria er den tredje romanen hans.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her