Opningshøgtid
Foto: Ilja Hendel

Opningshøgtid

Direktøren for Norsk Kulturråd Kristin Danielsen opnar Litteraturdagane i Vinje fredag 23. August kl. 12.00 på Raulandsakademiet. Marit Eikemo les frå den nyaste romanen hennar, Hardanger. Ola Bremnes les frå bokprosjektet om Hurtigruta, og syng sjølvsagt eit par songar.

Danielsen har brei erfaring frå kunst- og kulturfeltet, både som utøvar, næringsaktør og leiar av ulike verksemder. Ho er utdanna dansar, og byrja karrieren som frilansdansar, koreograf og pedagog – men har også hatt leiarverv i sterke institusjonar innan norsk teater og musikk. Før ho blei leiar i Kulturrådet, var ho biblioteksjef ved Deichmanske bibliotek i Oslo.

Marit Eikemo kan sjå tilbake på ei karriere som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og dagleg leiar for Cornerteatret i Bergen. I tillegg har ho imponert både kritikarar og publikum med forfattarskapen sin, og er særleg kjend for sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. I 2017 fekk ho Amalie Skram-prisen, og ho var årets festspeldiktar under dei Nynorske festspela 2018. Til Litteraturdagane i Vinje har ho med seg den nyaste romanen sin, Hardanger.

Musikaren, forfattaren og kulturmennesket Ola Bremnes har lang fartstid, og er eit kjent namn for dei fleste. Han byrja karrieren sin i duo med veslesyster Kari allereie i 1980. I dei 35 åra som har gått sidan, har Ola mellom anna skrive ikoniske songar som Sola, Jordmorsang og Har du fyr – og bidrege med tekstar til tallause framsyningar og bøker. No er han aktuell med ei reiseskildring frå den norske kystlinja, kor han som passasjer om bord på Hurtigruta har kome i land på spanande og spesielle stader.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her