Kulturjournalistikk og kritikk
Foto: Ilja Hendel

Kulturjournalistikk og kritikk

Direktør for Kulturrådet møter kulturredaktør i Dagbladet Sigrid Hvidsten og andre journalistar for samtale om stoda i kulturjournalistikken.

Korleis går det eigentleg med kulturjournalistikken i Noreg? 7. januar skreiv Dagbladets Sigrid Hvidsten artikkelen "Jeg er så bekymra for norsk kultur at jeg snart legger meg ned i fosterstilling" om kutt av kulturkritikken i Dagens Næringsliv som eit symptom på ein større tendens og eit ytterpunkt i denne tendensen. Samanlikna med journalistikken generelt, i kva grad er kulturjournalistikken under særskild press? Kva tenkjer kulturredaktøren i ein av noregs største aviser om dette?

På andre sida sit direktøren for Kulturrådet Kristin Danielsen. Ho er leiar for den viktigaste pådrivaren for nye kunst og kulturuttrykk i heile Noreg. Kva tyder kulturjournalistikken for tilskotsgjevarar som Kulturrådet? Og kva kan konsekvensane av det bildet Sigrid Hvidsten teiknar opp vere?

Direktøren for Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark leier samtala.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her