Halldis
Foto: Josh Bøe

Halldis

Amund Enger møtte Halldis Moren Vesaas for fyrste gong heime på Midtbø ein sommardag midt på syttitalet. Han hadde tonesett Voggesang for ein bytting, og framførte denne for ein begeistra forfattar.

Neste gong dei møttest måtte Enger love å gjera noko med songen. Det skulle gå førti år før han dykka ned i universet hennar, men no er plata Halldis her – og lovnaden oppfylt.

Amund Enger er musikar, songar, gitarist og låtskrivar, og debuterte som soloartist i 1981 med Natt alene. I tillegg til å produsere materiale til eige bruk, har han i stort omfang bidrege til andre artistar sine utgjevingar som komponist, tekstforfattar eller musikar.

Kjøp billettar her

Kjøp festivalpass her