1905 06 08 7. juni

Rasmus Steinsvik

7. juni
Av Rasmus Steinsvik
 
Att paa vegen mannen kagar
ofte sturen, stundom glad.
Spillte stræv og spillte dagar
ser han der paa mang ein stad.
Annan veg det heve gjenge,
ein som sjølv han vilde spaa,
ymse ting han heve fenge,
som han aldri tenkte paa.
(Ivar Aasen)
 
 
Modet var ikkje høgt her i landet den 7. juni for 10 aar sidan. For mange var det den tyngste dag dei hev uplivt. Kor skulde det vel gaa med eit folk som soleis let seg skræma til knes av trugsmaal og store ord? Var det ikkje dømd til undergang?
So tenkte dei som heilt siste slutt var imot aa fira. Og jamvel for oss som den gongen størde til aa fira kjendest det sagte tungt; men vonlaust var det ikkje. Det var lett aa sjaa at me hadde gjort vaare misgrip, og det so grove, at det maatte hemna seg. Me hadde i aarevis forsømtforsvaret, det einaste eit folk i aalvorstider hev aa stydja seg til; me hadde gjenge og innbilt oss, at alt skulde gaa so glatt, sidan me hadde retten paa vaar side, baade den moralske og den juridiske. Det var daa slikt aa venta, at det gjekk som det gjorde.
Det gledelege den gongen det var, at alle med ein gong skyna dette, og vilde retta paa misgripet. Det norske folk hadde fenge so pass rift, at det vakna og vakna for godt, tenkte mange av oss. Forsvaret vart atter sett istand; og den tanken sette seg fast i folk: Tek me no saki uppatt, so skal det ingi firing verta.
Me veit det vart kvingling og kvakl her for eit par aar sidan. Det som daa hende var i vaare augo verre en det som hende i 95; der var liksom ingen ting aa festa von til lenger. Men so underleg er livsens lagnad, at jamvel det som daa hende ser ut til aa ha vorte til bate for oss, og hev gjort sitt til at me kunde upliva ein dag som igaar.
*
Ein hev gjenge i venting og von desse dagane; men tysdags kvelden skulde stortinget ha møte for stengde dører; ein visste, at spursmaalet skulde avgjerast, og at ope møte skulde haldast igaar, daa alt skulde framleggjast og faa si endelege avgjerdsle. So det var med den største spaning ein møtte i stortinget kl. 10.
Ein merka strakst, at aalvorlege ting stod fyre. Dørerne inn til bladmannsromet var stengde; stortinget hadde eit og anna ugjort enno. Men litt over kl. ½  11 vart dørerne opna, og inn strøymde bladmennerne, til romet vart overfyllt.
So snart ein kom inn i salen, anda ein lettare. Det var godt aa sjaa paa alle dei ljose andlit, at det hadde teke den rette vending. Lenge var det ikkje, fyrr president Berner slo med klubba, og det vart stilt i salen. Derpaa gav han ordet til statsministerMichelsensom las upp den fraasegn fraa riksstyret, som ein vil finna paa ein annan stad i bladet.
Deretter tok Berner ordet. Rolegt, men fast las han upp fyrelegget um, at unionen er upløyst, at stortinget i kongens stad kaarar ministeriet Michelsen til lovlegt riksstyre for Norig. Det var lett aa merka, at det var avgjerande ord som her vart sagde; at ingen tilbakeveg eller sideveg lenger var tenkjeleg.
Han bad daa ogso um, at stortinget samrøystes og utan ordskifte vilde gaa med paa dette. Og ein kjende, at so vilde skje, som det ogso gjorde. Alle 117 svara ja.
Det var ei stor stund; den største sidan 1814. Mange vaate augo var aa sjaa.
Ikkje mindre høgtidsamt var det, daa presidenten las upp brevet til kongen. Brevet er rolegt og fast, men med ein understraum avvarmesom vil og maa gjera godt paa den andre sida av kjølen. Det er vaksen manns tale til vaksen mann, naar baatane ikkje lenger kan sigla samanbundne.
Ja ein merkedag vert dette for vaart folk. Og det trur me, statsmagterne kan vera visse paa. Heile folket vil som ein mann staa bak og med glede ta paa seg dei offer som maatte med fylgja, um desse en vert tunge.
 

Frå Den 17de mai. 8. juni 1905. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006.