1905 05 25 Unionen og stormagterne

Rasmus Steinsvik

Unionen og stormagterne
 
Me hev altid halde fram at stormagtene ikkje vil leggja seg upp i den norsk-svenske unionsstriden. Dei likar nok ikkje forandringar; so spør ein menn i an­svarleg stilling, vil dei altid svara, at alt bør vera ved det gamle. Men er umskiftet gjort, finn dei seg i det.
«Aftenposten» hev fraa ein kunnig mann i utlandet fenge eit svar som stadfester dei synsmaatar me hev halde fram.
Han veit ikkje av, at den svenske utriksministeren hev vitra magtene um striden millom Norig og Sverige. Skulde det koma til ei aalvorleg krise, vilde vitring derum verta sendt magterne. Og daa det i legationane i London, Paris, Berlin og Petersburg sit svenskar, vilde desse sjølvsagt tala Sverige si sak paa det beste.
Derimot er det lite rimelegt at dei vilde be mag­terne um hjelp i striden mot Norig. Det er ikkje tenkjelegt at dei vart høyrde. Dette veit dei i Stockholm.
Den trygd magtene i 1813 gav for svensk over­høgd i Norig hev baade historisk og statsretslegt falle burt; framandt inngrip maatte daa søkja sin rett i situationen idag. Men no plar dei ikkje gripa inn utan i tvo tilfelle: naar det gjeld aa hindra fredsbrot faarlegt for Europa, eller, naar det gjeld aa hevda forsømde pligter. Kreta- og Venezuela-ugreia er gode døme paa dette.
Men ingen av desse grunnane hev dei her. Vidare er aa seia: den eine magti kan ikkje gripa inn (hærsetja landet, eller blokere det) utan paa vegner av alle dei andre. I dette tilfelle vart det ikkje lett aa faa alle magter samde um slikt. Serbatene vilde leggja for store vanskar i vegen. Venskap kongehus imillom vilde mot dessa van­skane ha lite aa seia.
Det svenske riksstyret veit dette og vilde vel ikkje eingong spyrja um hjelp, daa eit avslag vilde verta leidt for Sverige.
Hertil kjem, at um Sverige skulde faa framand hjelp til aa hærtaka Norig, so vilde det verta liten mun i dette. Det var nemleg ikkje nok aa taka landet; det maatte hærsetjast i lenger tid. Dette vilde Sverige ikkje ha tropper nok til, og det vilde helder ikkje faa ei framand magt til aa ta paa seg byrderne med denne politi-tenesta.
Europa hev dessutan nok av andre jarn i elden; det vil ikkje leggja seg upp i striden millom Norig og Sverige.
 

Frå Den 17de Mai. 25. mai 1905. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006