1885 Folkemålets Ligestillen

Stortingsrepresentantane Juel, Liestøl m.fl

Stortingsrepresentantane Juel, Liestøi m.fl.
Folkemålets Ligestillen
 
 
Til Storthinget.
 
I den siste Mannsalderen, frå ikring Femtiåri, elder um ein vil rekna frå Firti-Åri, då Henrik Wergeland diktad «Langeleiken» på Valdersmål og då Ivar Aasen skreiv sine fyrste Visur på Sunnmørsk, hev det voret uppe i Landet eit Arbeid med veksande Magt for å få det nor­ske Folkemålet upp til Bokmål jamsides med «det almindelige Skriftsprog», som Landet tok i Arv frå den danske Tidi.
Arbeidet gjekk, her som i andre Land, der ein slik Målstrid i seinare Tid hev voret uppe, fram av ein nyvaknad og sterk national Sans, som kravde heilt åndelegt Sjølvstende og vilde vinna att for Landet alt som var tapt av folkeleg Vyrdnad og Rett i «lange låke Tider». Gjenom Kav og Strid vaks det seg sterkt, og er no ei Reisning, som hev vekt Hug for Norskdom og folkeleg Upplysning vidt um i Landet. Sterkast stend Bonde-ungdomen fylkad um Saki, og det hev vortet til eit Krav, som mange Nordmenn samlar seg um no: at Folkemålet bør hava full Fridom og Rett jamsides med Bokmålet.
Dette Kravet er i Grunntanken godkjennt av Statsmagterne, med di at det i 1878 var fastsett, av Regjeringi etter Vedtak av Odelsthinget, at Folkemålet skulde vera Undervisningsmål i Landsskularne.
Men denne Avgjerdi, som i seg sjølv var eit sannt Vælgjerds Verk mot ei stor Yvermengd av Ungdomen i Lan­det, kunde ikkje vera annat enn halvgjort Arbeid. Dette viser seg i sjølve Vedtaket av 1878, med di det hev voret naudsynlegt å setja inn eit «såvidt muligt» i den same Avgjerdi, som i Grunntanken godkjenner Folkemålets Rett.
Det er vår Meining og vår Bøn, at Statsmagterne no, i Samhøve med dei Tankarne, som er framsette i Stats­minister Sverdrups Skuleframlegg, må gjera det dei kann til, at denne Retten for det norske Folkemålet kann verta heilt ut godkjennt. Me bed um, at all den Uret og Ufridom, som Folkemålet enno lid av gamle Vedtak og gamle Vanar, må takast burt, sovidt Statsmagterne kan gjera det.
Og dette er ikkje berre vår Bøn. Frå alle Kantar av Landet kjem det i denne Tid Vedtak og Avgjerder, frå Lærarmøte og frå Folkemøte, som alle gjeng ut på det same: lat dei tvo Måli koma på like Vilkår; lat ikkje vårt heimlege Mål, Fedramålet, som Bonden hev visst å verja og vara frå gamall Tid, lida Urett av det seinare innkomne, som for so mange i Landet er eit framandt Mål, og eit Mål, som ikkje vil høva!
Dersom Avgjerdi av 1878 skal koma i Verk, må dei, som skal vera Lærarar, gjevast Tilføre til å få den Rettleiding i Folkemålet, som dei kan turva. Hertil krevst, at Undervisning i dette Målet kjem inn på Lærarskularne. Like eins trur me, at det må skipast so, at det for dei Lærarar og Foreldre, som vil hava Folkemålet i Skulen, vert gjevet ut Skulebøker på Landsmål, i den Formi og på den Måten, som Regjeringi finn rimeleg etter Sam­råd med kunnige Menn, og so, at Folk sjølve kunde velja.
Me hev og tenkt at det bør vera so, at det stend fritt for alle, som hev med Stats- elder Kommune- elder Kyr­kjesaker å gjera, Embættsmenn elder folkevalde, å bruka det Målet, dei sjølv finn høvelegt, «Bokmål» elder «Lands­mål», i Skrift som i Tale, til offentlegt Bruk. Dette må, etter vår Meining, avgjerast, ved Lov elder på Embættsveg, då det hev synt seg, at Autoritetarne ikkje altid vil godkjenna annat Mål enn sitt eiget i offentlege Saker.
Det vil vera vigtigt av nationale Grunnar, at dei ulike Måli, som er uppe i Landet, ikkje kjem til å skilja Fol­ket frå kvarandre meir, enn naudsynlegt er. Av den Grunnen er det sjølvsagt, at Ungdomen på Landet må læra å lesa det vanlege Bokmålet; men av same Grunn trur me, at Ungdomen i Byarne bør få nokot Kunnskap i Folkemålet. Dette måtte vel gå for seg so, at det vert pålagt alle offentlege Skular å bruka nokre av Timarne i «Norsk» til Øvingar i å lesa Landsmål. Um dette hev Skulestyrar P. Voss i Kristiania skrivet ei Utgreiding i «Vor Ungdom» for 1879, som me viser til og sender fram som Vedlag.
Um desse Ting vender me os med gode Voner til Norigs Thing, og vårt Ynskje er, at Storthinget, um det finn Grunn i dei Tankarne, me her hev framsett, vil ved­taka ei Uppmaning til Regjeringi um å fremja denne Saki på beste Måte, gjenom Framlegg til Lov elder på Embættsveg, ettersom det helst måtte høva, og me vil foreslå, at Storthinget sender fram til Regjeringi dette Brevet med eit slikt
 
Vedtak:
Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjå til kva som best kann gjerast for at det norske Folkemålet, i dei Må­tar som i dette Brevet er ummeldt, kann få full Rett og Fridom jamsides med Bokmålet.
 
Kristiania den 14de Januar 1885.
Niels Juel. L. Liestøl. H. E. Berner.
I. M. Ueland. L. M. Bentsen. O. Berge.
Hans Øverland. J. O. Lange. Hjalmar Løberg.
T. Jørstad. J. Hvamstad. O. Jullum.
O. Thomesen. Olaus Eskeland. Hans Saakvitne.
Peder Rinde. Joh. Holmesland. W. S. Dahl.
Olaf Sveinsson. A. M. Aarflot. L. Hektoen.
J. Olafsen. O. S. Holm. W. Konow.
V. A. Wexelsen.   O. J. Sørum. O. Sønju.
A. Kolbenstvedt  N. L. Sørensen.  Albert Jacobsen.
Elias Melvær.   Edv. Liljedahl.   L. Blilie.
J. Reitan.         John Lund.      Lars Oftedal.
M. Mortensen.  K. Kirkhorn.  Nils Melhus.
A. Qvam         C. M. Havig.
 

Dokument nr. 17/1885: Forestilling fra Repræsentanterne ]uel, Liestøl m.fl. ang. en Anmodning til Re­gjeringen om Folkemaalets Ligestillen med Skriftsproget. Storthings Forhandlinger 1885 V. Her frå Kjell Haugland (red.): Målpolitiske dokument 1864-1885. Det Norske Samlaget. Oslo, 1971, s. 193-196. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006