1876 Innleiing til O.J. Høyems bondehjelpar

O. J. Høyem

O. J. Høyem:
Innleiing til ”O. J. Høyems bondehjelpar"
 
Kjære bondeman!
Korfor skriv vi landsens mål? og korleids læs vi det?
 
Det er eit gamalt ord, som segjer, at «det er stygt å høyre dølen danske»; og dølen sjølv tykkjer det han og; for her har han nokod betre, nemleg sin levande norske tale, å halde danskingja si ihop med. Men det er og stygt å høyre dølen læsa dansk istadenfor norsk, om æn ikkje dølen sjølv tykkjer dette; for her har han slet ikkje det slag å halde ihop denne læsningja si med, sidan fæderne våre i ei låk, somnot og ufri tid lagde så reint av både å læsa den norske bokavlen sin og likså sjølv lagde av å skrive på landsens mål; sjå, defor er det, at vi i vår tid har som folk aldeles gløymt av både å skrive og å læsa dette vårt rette modermål. Ja bonden er komed så i vane med den uvanen å danske, når han læs og skriv, at han ænog ofte ser seg arg på sit eigjed mål, når det lægges fram for honom i skrift og bok! Men det er mesta det styggaste å høyre dølen tru, at dansken, han læs i bokom sine, ernorsk; for dette vitnar om ei grø­teleg sløheit og syndsamleg godtruenheit hos honom.
Det er elles først i dei seinare årtiom, at by- og em­betsfolk fik det så ansamt med å kalle by- og bokmålet norsk og sætte in i bonden den trua. Men det er då synd å kalle detnorsk, som Gud og kvar man så vel veit, erdansk; og tul må det væra, som vonar med slik ei skrøne å lyge landsens eigjed mål bort ifrå det høgsæte, som dette no er på god veg til å sætte seg op i!
Kjære bondeman! Tru meg, når eg segjer, at du van­ærar både fæderne dine og deg sjølv og syndar imot bornom dine, når du ikkje no i flok og fylking kræver målet dit, landsens mål, både i skule og kjørkje, i rettargång og bok. Du ampar og talmar deg sjølv tusen gångar meire, æn du drøymer om, når du let det gå i langdrag med dette, men tyg så truleg på dansken, misforstår sjølv og bli misforståt alt i eit, og saknarhjartemåletdit i alt, like til det høgste og djupaste, du eig på jorden. Lel veit du, at du kan få målet dit fram i romet sit utan krig og blod! Kormange folk har ikkje blød for sit tungemåls ret! Sjå Polens folk, og sjå dei danske brøderne dine nede i Slesvik! Dei står dagleg buen til å gå mot od og eg for sit mål og sin folkelege ret i det heile. Des før du no vaknar og tæk retten din, des før vin denne bror din og retten sin; eg har god grun til å tru det. Og har du nokon gang høyrt gjeted, at eit folk vart ein retteleg alsidig oplyst og naturleg danad, fri og lykkeleg landslyd, sålænge det prakkad og flakkad seg med eit lånt mål i mun og bok men let modermålet ligge vanvyrdad i avholom, berre for lut og kaldt vatten? Aldri høyrte du det; og saga, som høyrer alt, har heller aldri høyrt det. Vil du då ikkje komabortsom verkelegnorsk folkog ækte bom av dei gjæve fædrom, som i 2000 år hadde hæv heimstad i gamle Noreg, så «må du hædre far din og mor di», ikkje minst med dette, at du på alle sæt brukar det tungemålet, dei gav deg som det dyraste arvesølvet, dei åtte! Ja eg veit, at du, som læs dette med omtanke, held med meg både med hug og hjartelag, og at det berre er denne vonde uvanen, du drægs med, som er så tung å lægge av. Mensvint deg no! elles bli du sittande attanfor langslædebrugda i rik­sens heile stel og det i dit eigjed land! For det går fort frametter med alt ihop i dagom våre. Du ser lynelden er posthest over berg og båre; og govkjedelen er den lunga, som pustar og blæs i dei jarndyrom, som dræg både vågnar og skjip over heider og hav heile jordkugla ikring og knyter mannaætta ihop til eit einaste granne­lag å kalle!
Og kan du vel finne nokod så naturleg og beintfram som det, at du skriv og læs netopdetmålet, som du tæk på tunga, når du talar! Ingen kan negte dette, når han vil bruke vettet sit; berre rangvisheit og fordom kan jabbe imot ein så soleklar sanning. Korleids såg det ut i landom, tru du, medan latinmålet var verdsens einaste bokmål? Og kor glad vart ikkje det tyske folket, då Lut­her sætte modermålet sit i bibel og andre bøker åt landsmænnom sine; og det danske folket, kor glad vart ikkje det, då det fik byte bort både dei latinske og tyske bøkerne i bøker på sit danske mål; den gangen var det, at vi og slang med og fik dansken in hos os, fordi at vi då (1536) var atpåslæng til Danmark. Defor står ei slik glæde osnordmænnertilfars ænno! og måtte vi då ret snart og manjamt få syn for, at no, netopnostår ho å dunkar på døra vår denne glæda og bed om å koma in åt os! Som du veit, naut Noreg også før eingång denne glæda å ha landsens eigjed mål i hædersrome, nemleg i den lykketiden, som fæderne våre hadde, medanverkelegnorske folk rådde i Noreg, altså førre samfæstet (1387) med Danmark og ei god stund sidan også. Sjå,deforhar vi god grun til å gråte for gul, vi, som eingång gul åtte; men så har vi defor og des vissare von om ved vår elske å kunne løfte arven vår fram ur si vanvyrding på nyt lag; men dette bli først då, når den norske bonden sjølv tæk in det rette romet sit i rikje : løftes eller og løfter seg sjølv fram i dette romet.
 

FråO. J. Høyems bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt, i tidelingsrekning o.m.m. Nidaros 1876, side 5-8. Her frå Kjell Haugland (red.): Målpolitiske dokument 1864-1885. Det Norske Samlaget. Oslo, 1971, s. 119-121. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006