Målføre

er eit rotnorsk ord for dialekt.

(substantiv inkjekjønn)
er eit rotnorsk ord for dialekt. Mange nyttar det feil om skriftspråket, men då heiter det målform. Sistelekken -føre tyder her 'grein, slekt'. I eldre dansk-norsk kalla dei gjerne målføra våre for mundart eller sprogart. Ivar Aasen fann i si tid at ordet målføre var mest nytta i talemålet nordpå.