Gods

er no for tida gjerne det same som fast eigedom...

(substantiv inkjekjønn)
er no for tida gjerne det same som fast eigedom på den eine sida eller tingog lausøyre på den andre. Vi kjenner ordet lett att i samansetningar som herregods om det fyrste og ferdagods om det andre. Men tidlegare var gods helst det same som store jordeigedomar, t.d. adelsgods, krongods, gjerne styrde av godseigarar og andre stormenn. Ordet er gamalt som alle haugar, på norrønt heitte det gòz og tydde eigedom.