Gnella

er eit ord dei fleste sikkert er kjende med.

(verb)
er eit ord dei fleste sikkert er kjende med. Og det har sjølvsagt med lydar å gjera. Grunntydinga er laga ein stutt, kvass lyd og gjeld både dyr og menneske. Gnella som ein stukken gris er ei god samanlikning, og elles kan det gnella i veggene når folk kranglar og kjeftar på einannan. Verre er det med gnitne folk som er så gjerrige at det gnell i dei når dei skit (Trøndelag).