Gnadd

Ein gnadd er fyrst og fremst 'ein liten, tett og hard tagg'...

(substantiv hankjønn)
Ein gnadd er fyrst og fremst 'ein liten, tett og hard tagg' eller 'knatt' av ymse slag. Både trestubbar og kvasse steinar kan såleis kallast gnaddar. I overført tyding er gnadden gjerne ein 'gniar' eller 'tørrpinn'. Tynne folk og dyr kan òg heita gnaddar, og i Vinje i Telemark heiter det at 'ein får ikkje feitt på gnaddar' når det ikkje lukkast å få nok kjøt på beina på slike skapnader.