Glafs

Ein glafs er ein lauskjefta og flåsut person...

(substantiv hankjønn)
Ein glafs er ein lauskjefta og flåsut person; altså ein flåkjeft. Det er mest brukt på Austlandet og i Trøndelag, men finst også i Sunnhordland. Andre stader - mellom anna i mange bygder i  Trøndelag - kan det òg tyda 'uvørden og framfus person, ein som gjer mykje ugagn'.