Glåmskap

Ein handelsmann som vil syna fram kostelege...

(substantiv inkjekjønn)
Ein handelsmann som vil syna fram kostelege varer utan å la dei gå frå hand til hand, kan leggja varene i glåmskap, utstillingsskap, med glaslokk på disken (Trondenes). Dette ordet kan ein sikkert også bruka i staden for dei meir moderne orda glasmonter og vitrineskap.
Førsteleddet er verbet glåma, som tyder 'kika, stira, sjå nøye'.