Gjøn

er eit nokolunde velkjent ord,...

(substantiv inkjekjønn)
er eit nokolunde velkjent ord, iallfall sønnafjells, for ap, skjemtog fanteri. Det kjem av norrønt ginna som tyder "narra" eller "forgjera". Slik åtferd inneber at ein vrir og vrengjer på orda sine, overdriv gjerne litt i tillegg, og prøver å vera vittig, alt saman for å lura sine nærmaste tilhøyrarar.