Geip

er det same som "ei stygg grimase"...

(substantiv hankjønn)
er det same som "ei stygg grimase" eller "sur mine", der leppene spelar ei sentral rolle. Men i Trøndelag og somme stader på Nordmøre kan geipen òg vera det same som "sutring" eller "sår gråt". Folk som er sure og tverre "heng med geipen", heiter det gjerne. Også vendinga "dra på geipen" er nokså vanleg mange stader.