Geil

er eit landskapsord som tyder...

(substantiv hokjønn)
er eit landskapsord som tyder 'trong dal' eller 'inngjerd veg', '(krøter)stig'. Ordet har vid utbreiing i norske målføre både austantil og vestantil. I Hallingdal kan "ei geil" vera det same som "eit langvore, graskledd låglende mellom høgdedrag", og såleis kjenner somme sikkert att staden Geilo, som ligg øvst i dette dalføret.