Gauva

er eit av dei mange verba...

(verb)
er eit av dei mange verba vi har for det å fyka, gyva eller spruta. Ordet finst no mest brukt til kvardags i Hallingdal, Valdres og Telemark, skriv Norsk Ordbok. Det er helst støv og småstein som kan gauva, men ordet kan somtid òg brukast om snø, lauv og smårusk. I Setesdal og på Jæren kan gauva òg stå for det å gjæraog brusa om skum på øl og anna væske.