Gaupn

er det same som ei handfull...

(substantiv hokjønn)
er det same som ei handfull, altså så mykje som ei handflate med delvis innbøygde fingrar kan ta. Uttalen kan variere frå ein landsdel til ein annan, såleis seier somme austlendingar gjerne gofn eller gøfn med monoftong. Verbet heiter å gaupna og tyder "å gripa om eitkvart" eller "å fylla på, ausa opp noko". Vestlandet er hovudområdet for desse to orda.