Gaum

tyder i fyrste rekkje "merksemd" eller "akt"...

(substantiv hankjønn)
er eit av desse klassiske, gamle nynorskorda som ikkje vert brukt så mykje lenger. Det finst helst i Telemark og nokre bygder i Hardanger, elles kan ein støyte på det i litteraturen. Gaum tyder i fyrste rekkje "merksemd" eller "akt". Vernet som høyrer til, er gauma, som då tyder "leggje merke til". Dei gamle nynorskoffiserane i Forsvaret ropte alltid "Gjev gaum" for "Giv akt" når dei skulle få ein soldattropp til å stå rett.