Garp

er eit norrønt ord...

(substantiv hankjønn)
er eit norrønt ord som den gongen tydde hardhaus eller uredd kar. I meir moderne mål, iallfall vestafjells og i Trøndelag, er dette ei rå, brautande og vørdlaus person, medan han er meir uskikkeleg og skøyaraktig i Hallingdal, på Jæren og Agder og i Sunnhordland. Og bergensarane bruker nemninga garp om ein skjelm eller ertekrok. Verbet heiter å garpa, og frå grammatikken kjenner vi att nemninga garpe-genitiv som vestlendingane fekk inn frå Bergen og hopehavet med Hansa-kulturen i mellomalderen.