Gangar

kan sjølvsagt vera ein som bruker føtene...

(substantiv hankjønn)
kan sjølvsagt vera ein som bruker føtene sine på eit eller anna vis. I meir moderne språk heiter slike folk no helst gåar eller fotgjengar. Verbet å ganga(no: ) er sjølvsagt grunnordet til gangar. Frå historiebøkene hugsar vi soga om Gange-Rolv, som herja i Normandie i vikingtida, og frå dyreverda kjenner mange sikkert nemningar som solegangar og tågangar. Hesten vert òg kalla gangar i folkevisa og eventyra. Musikk- og danseinteresserte tenkjer vel helst på dansen når dei høyrer ordet gangar.