Galdra

å fara med trolldom, forgjering og heksekunster...

(verb)
er eit verb som vi helst finn i dialektane nordpå og i den klassiske nynorsklitteraturen. Ordet tyder i hovudsak å fara med trolldom, forgjering og heksekunster. Meir avbleikt kan det også stå for det same som "å skrika" eller "skråla". Såleis kan ein ropa så det galdrarinne i eit stort, tomt rom eller liknande. Ordet er gammalt som alle haugar, og substantivet som høyrer til verbet, heiter galder.