Gagn

er eit haugande gammalt ord som tyder...

(substantiv inkjekjønn)
er eit haugande gammalt ord som tyder "nytte" eller "mon". Mange kjenner sikkert ei vending som gagns menneske, som stod i den gamle føremålsparagrafen for grunnskulen. Og når ord og gjerning ikkje følgjest åt, heiter det gjerne at tinga skjer "meir i namnet enn i gagnet". Adjektivet som står til dette ordet heiter sjølvsagt gagnleg (= brukande) og verbet å gagna (= koma til nytte).