Fal

er eit gammalt ord (norr. falr )...

(adjektiv)
er eit gammalt ord (norr. falr) som er mindre brukt i norsk no enn tidlegare. Det kan ha fleire undertydingar, men i hovudsak tyder det til sals, ledigeller fri. Ordet kan brukast både om varer og om unge gutar og jenter som er ledige på giftemarknaden. "Alt er til fals for pengar", skriv A.O.Vinje ein stad, og det stemmer nok framleis. Også ledige stillingar kan vera fale. Somme kjenner sikkert ordet att frå verbet falby, som då tyder by fram noko til sal.