Fåvis

er eit av mange adjektiv for det å vera dum...

(adjektiv)
er eit av mange adjektiv for det å vera dum, tåpelegeller lite opplyst. Ordet har stor utbreiing, særleg innanfor nynorsklitteraturen. På det området som har med mangel på kunnskap og innsikt å gjera, er norsk språk rikt på ord og uttrykk, korleis det no enn kan ha seg. Substantivet er då fåvit, som er mykje nytta i nynorsk skriftkultur. Eit nærskyldt adjektiv er elles fåvitug, som då står til fåvit.