Ekvipasje

er frå fransk equipage 'flott og standsmessig køyrety med hest'.

(substantiv hankjønn)
er frå fransk equipage 'flott og standsmessig køyrety med hest'. Det franske ordet kjem av verbet equiper 'utstyra', som igjen kom frå Norden i vikingtida. Det er det norrøne ordet skipa 'ordna (med), utstyra'. "Sk-" blir ofte "ek-" på fransk, jf. école 'skule'.