Deild

Dette ordet tyder eigentleg 'del' eller...

(substantiv hokjønn)
Dette ordet tyder eigentleg 'del' eller 'lut av ein heilskap' og vart mykje brukt i nynorsk før. Omgrepet deild vart òg mykje nytta som synonym for 'avdeling', og då både i hær, flåte og andre samfunnsorganisasjonar. I Hallingdal og bygdelaga sørpå har dei jamt brukt deild om skilje mellom eigedomar, som merkesteinar og slikt. I lokale stridar var det å flytta deildesteinar ingen ukjend sport.