
1400 skjønnlitterære forfattarar på nynorsk
– Over 1400 forfattarar har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt i bokform. Halvparten av dei kom dei siste femti åra, fortel direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. No har han gitt ut andre utgåva av bibliografien «Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt».
Last ned og les bibliografien her
I den nye utgåva er 1401 debutantar dokumenterte i tidsrommet 1843–2017, og fire av ti debuterte med lyrikk.
Bibliografien blei første gongen gitt ut i 2015 som eit bidrag til ei nynorsk litteraturhistorie. I årstalen sin om nynorsk i 2009 gjekk Grepstad inn for at eit slikt verk burde skrivast, og til våren gir Samlaget ut «Nynorsk litteraturhistorie» av Jan Inge Sørbø.
Lite på dialekt, mange kvinner
Dialekt blir meir brukt i skrift enn nokon gong før. I skjønnlitteraturen skriv derimot dei færraste på dialekt. Det går fram av bibliografien av berre ein av tjue forfattarar har debutert på dialekt. – Dialekt var mest brukt på 1800-talet, og mange hadde laga enkeltviser på dialekt før Ivar Aasen gav ut sine første i 1843. Den forhistoria er dokumentert før og viktig for å forstå det som kom med Aasen, seier Grepstad.
Lenge var det mennene som dominerte listene, men sett under eitt har kvar fjerde debutant vore ei kvinne. Året då det snudde, var 1958. Då var det for første gong fleire kvinner enn menn som debuterte skjønnlitterært på nynorsk. Dei siste tiåra har like mange kvinner som menn skrive skjønnlitteratur på nynorsk.
Spreidd over heile landet
Dei skjønnlitterære debutantane har kome ut på meir enn 360 forlag, men i seinare tiår står nokre få forlag for dei fleste utgivingane. Dei siste 50 åra har Det Norske Samlaget gitt ut kvar tredje debutant, og forlaget hadde debutant nr. 250 på listene sine i 2017.
Over tid har det kome ut nynorske debutantar over heile landet, frå Kristiansand i sør til Havøysund i Finnmark. I seinare år har det auka på med utgivingar på små forlag og eigne forlag. – Sosiale medium har gjort det vanleg å publisere seg sjølv, men då spørst det om bøkene blir så gode som dei kunne ha blitt i møtet med profesjonelle forlagsmiljø, seier Grepstad.
Treng ei nynorsk litteraturhistorie
![]() |
Ottar Grepstad (foto: Sunniva Lund Osdal) |
– Dei litterære bokmålsdebutantane er for mange til at ein slik bibliografi kunne lagast for dei. Tida vil vise om det finst liknande dokumentasjon for andre språk, slik at ei jamføring er mogleg ut over landegrensene. Denne bibliografien viser kor viktig det har vore at nynorskbrukarane tidleg etablerte eigne miljø for dikting og skriving, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
Ti tidlege debutantar
1843 Ivar Aasen
1857 Bernhardine Catharine Brun
1864 A.O. Vinje
1869 Elias Blix
1881 Arne Garborg
1887 Per Sivle
1902 Johan Falkberget
1907 Olav Duun
1916 Olav Aukrust
1923 Tarjei Vesaas
Ti nyare debutantar
1968 Kjartan Fløgstad
1968 Eldrid Lunden
1979 Ragnar Hovland
1979 Lars Amund Vaage
1983 Jon Fosse
1998 Olaug Nilssen
2001 Carl Frode Tiller
2005 Ruth Lillegraven
2005 Maria Parr
2007 Agnes Ravatn