Litteraturdagane i Vinje 23.–25. august
Aasmund Nordstoga las frå boka A.O. Vinje – Dikt i utvalFoto: Sunniva Lund Osdal

Litteraturdagane i Vinje 23.–25. august

Litteraturdagane i Vinje hyller forteljingane og forteljaren. Med utgangspunkt i Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa syner festivalen prosa i sak- og skjønnlitteraturen. Vi ser på dei mange rollene til diktinga, mellom anna i politikken og mental helse, gjennom foredrag, høgtlesing, samtale og kulturelle innslag. Faste postar som Tarjei Vesaas’ debutantpris og utdelinga av Storegut-prisen er sjølvsagt med. Følg med på litteraturdagane.no.