Dei nynorske festspela 13.–16. juni
Sigrid MoldestadFoto: HumbersetFoto

Dei nynorske festspela 13.–16. juni

Forteljingar er tema for Dei nynorske festspela i år, og gjennom programmet vil vi utforske korleis litteraturen skapar forteljingar som både formar fantasien og røyndommen.

Professor Ingar Kaldal, førsteamanuensis Eli Bjørhusdal og forfattar Kjartan Fløgstad diskutere kven som får plass i historiebøkene, og kven som får høve til å skrive dei. I programposten «Har boka ei framtid» utforskar vi nye, digitale forteljarformer og korleis desse påverkar kva som blir fortalt og korleis nye format utfordrar boka.

Lokale songarar, barn og vaksne, skal utforske det sanselege når dei deltek på vår Poesti.

Anders Totland står bak boka "Den norske slavehandelen", og vil besøke skular på Søre Sunnmøre for å fortelje om denne. Dette er eit samarbeid med dei aktuelle kommunane og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.