Undervisingsopplegg
Les for livetFoto: Laila Walseth Lid

Undervisingsopplegg

”Les for livet!” er eit nytt rollespel, der 5.-7.-klassingar blir plasserte i romsonden Littera. For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Svaret finn dei i litteraturen, og undervegs dukkar dei inn i scener frå utvalde nynorske barne- og ungdomsbøker, som ”Eg er eg er eg er” av Ruth Lillegraven, ”Svarte-Mathilda” av Tor Arve Røssland, og ”Keeperen og havet” av Maria Parr.

Elevane må finne løysingsordet som gjer det mogleg å vende tilbake til jorda.

Rollespelet skal nyttast i skular over heile landet.