Eg synger julekvad

(Omsett av Bernt Støylen, 1905)

Eg synger julekvad,
eg er så glad, så glad!
Eg ser min Jesus kvila
som barn i ringe kår,
på moderfanget smila
som soli varm og klår.
Han er Frelsar min,
han er Frelsar min! 

Kom, vesle barn, til meg,
eg lengtar etter deg!
Kom, du som sorg kan linna,
stig inn om her er smått,
lat meg deg sjå og finna,
då fær eg det så godt!
Drag meg etter deg,
drag meg etter deg!

Kor er Guds kjærleik stor,
Guds Son er no vår bror!
For me i synd var selde
og låg i trælestand,
han knuste dødens velde
og opna livsens land.
Eia, var me der,
eia, var me der! 

Kvar er vel gleda slik
som høgt i himmerik,
der englesongen tonar
til harper utan tal
frå alle millionar
i himlens kongesal!
Eia, var me der,
eia, var me der!

 


Tekst: "In dulci jubilo", latinsk tekst frå 1300-talet; til tysk ved Martin Luther 1533; til dansk ved Magnus Brostrup Landstad 1856. Til nynorsk ved Bernt Støylen 1905

Melodi: Ukjent opphav, 1300-talet; Wittenberg 1533

Kjelde"Det lyser i stille grender". Syng jula inn, 2000
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2004. Brukt med løyve frå familien.