Salm

(Salme, 1867)

Av * [Johan Einar Unger]

Upp! haldt Stand!
Kristenmann!
Jesus stridde, full Siger vann.
Han hever vunnet dat store Slag,
Satan batt han til Domadag -
Alting er jamnad, i Lag.

Er du mjuk,
klen og sjuk,
drikk av Naaden og Retten bruk.
Herren kannast ved veike og smaa,
vesalle Menner, som tigga og traa,
alle som trenga skal faa.

Tung og sein
Stokk og Stein
aldri kjende kor Naaden skjein.
Lyfta dei sigande Hender lyt du,
reisa dei magtlause Kne, og deg snu
beint imot Jesus og tru.

Bed! ver frod! *)
Vak! hav Mod!
Haldt di Stemna som Stridsmann god.
Snart han hentar sin stridande Her,
trufast Tenar si Løn vel fær,
Palmer i Hondi han ber.

Ja, haldt Stand,
Kristenmann!
Jesus stridde, full Siger vann.
Aldri han kugast med Vald elder List,
dyl han seg stundom, enn er han din Krist,
Magti han ei hever mist.

Klokka slær,
Tidi fer,
Ser du, Jesus er rett no nær.
Lat oss daa nytta dan dyre Stund,
tena Herren av Hjartans Grunn.
so [sic] skal me vel koma heim.

*) klok, vis.


Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 8 og 9. Laugardagen dan 2dre Marts 1867. II. Aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad