Paaskaaftan

(Dikt, 1866)

Av * [Johan Einar Unger]

Paaskaaftan er so blid,
full med Sæla, væn og frid, -
ligg so fredelegt og kviler,
Gleda gjenom Aalvor smiler.
 
Kyrrast Kveld i Aaret her,
kyrr som Kyrkjogarden er, -
Do er ingi vonlaus Villa,
Livet vakjer bak dat stilla.
 
Ilska hever no sagt Slut,
mett er Vilska, syndug Sut.
Gjenom Skuggar Straalar skimta,
Solarrenning ser du glimta.
 
____
 
Paa dan store Kyrkjogard -
manga Graver her og kvar -
med ei Grav du ser ei Kjella
vyrdsam og med Kjærleik stella.
 
Hög ho er, men Bunad svart,
Augat helder ljost og bjart.
No ho ber 'kje hugleg Buna',
men ho ventar seg ei Kruna.
 
Brudgumen vardt lagd i Jord.
Ho veit han or Gravi for
og til Himmels upp mun renna
til at heimta atter henne.
 
Stödt ho stend paa denna Grav -
dat maa inkje gløymast av -
kvar ein Paaskaaftan, minnest
dar han laag og dar han finnest.
 
Ventar paa ein Paaskadag,
naar han kjem i Englalag,
ropar henne, dyra Vivet,
ropar Borni fram aat Livet.
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Odensdagen dan 28de Marts 1866. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.