Nei, sjaa snøen

(Dikt, 1902)

Av Johan Einar Unger

Nei, sjaa snøen!
Han ligg kvit og fin paa heile bøen.
Nuten fekk so blank ein silkehatt,
vèvd i skyi, fint paa kruna satt,
med du sov i natt,
med du sov.
 
Nei, sjaa snøen du,
kor han ligg paa kvar ein stein og stu!
Løynleg kom han som paa kattafot,
skìlte med sitt dun kvar rubb og rot,
med du sov i natt,
med du sov.
 
Nei, kor ljos han er,
endaa morgon-dìm han til meg ser!
No i gaar var jordi myrk og strid,
men i dag - kor ho vart ljos og blid,
med du sov i natt,
med du sov.
 
Enn sjaa skogen daa!
Klædd han er og prydeleg aa sjaa.
Tru tusund mil til «Austerland» dei fór
henta diadém og sylverflor,
med du sov i natt,
med du sov?
 
Bjørki - blyg ho stend,
med eit fagert slør som brur i grend;
kven hev sauma med ei hand so lett
millionar stjernor tett i tett,
med du sov i natt,
med du sov?
 
Lufti er so god og rein!
Kraft og helsebot for livsens mein!
Soli renn, drys gull paa skog og vang,
gjorde lang-reis hit med ljos i fang,
med du sov i natt,
med du sov.
 
Tru og bliv i Krist,
i det sanne vin-tre som den grøne kvist!
Stilt skal Herren ein gong alt um-snu,
myrker um til ljos og engle-bu,
med du sov i natt,
med du sov.
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1902. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad