Jolakvæde

(Salme, 1868)

Av  [Johan Einar Unger]

Tone: Hvor stor er dog den Glæde

Dan litle væne Runnen,
Jesaias spaadde um,
skal ein Stad vera funnen
i Dalen myrk og skum.
I Skuggar, i eit Lende,
mest kjövt med Vald og List,
dar bar dat til og hende,
dar spratt dan gröne Kvist.

Kom no, so vil me leita,
um Renningen me finn.
Me Baaten daa lyt beita
med Magt mot Straum og Vind,
med laage Strender lenda,
dar inkje Högferd bur,
og Foten lyt me venda
inn millom Stein og Urd.

Av Visdom Grækkland skröyter,
og Rom seg gjerer breid,
og Jöden sjölvvis bröyter
Guds Ord i kjötleg Leid.
Og myket mun dei vinna,
do visnar deira Blom.
Dei kann ei Fræet finna
med ævleg Lækjedom.

Men her, her lyt me stogga!
Ei Eng so fint i Skjol,
som Himmels-Dropar dogga,
dar Gud er sjölver Sol.
Sjaa her Guds Spire festa
seg Rot i syndug Jord!
No Himlen vil oss gjesta
Ei spillest Herrens Ord.

Dan Runnen er ei ættad
fraa denne Sorgar-Dal.
Men væn du er og tvættad
med Dogg fraa Himmel-Sal.
Og Blomen giv oss Angen,
som er so sterk og fin;
han litad er paa Vangen
som av Guds Kjærleiks Vin.

Aa Krist! naar du vil festa
deg djupt i Sinn og Hug,
daa skal du Hjartat gjesta
med Himmelkraft og Dug.
Daa spretta Blad og Blomar -
og Frukt i rette Tid.
Daa kjem vaar Sol og Sumar,
naar Herren er oss blid.

Gud Fader! me deg lova
fraa inste Hjartarot
fyr denne dyre Gaava
til all vaar Saalarbot.
Du Herre vil oss syna,
at me lyt vera smaa,
skal Gaava rett me skyna
og all din Kjærleik faa.
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No 51 og 52. Laugardagen dan 4de Januar 1868. II. Aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepsatd.